lördag 12 augusti 2017

Lat oss prise Gud, vår Fader




1. Lat oss prise Gud, vår Fader,
med ett Ære være,
juble, syngje alle stader
um hans skaparære.

2. Lat vår lovsong fagert tone
djupt frå hjartestrenger,
so vårt kvæde til hans trone
stig på sjelevenger.

3. Han med Sonen sin frå æva
skapte alt og alle,
og lét Anden ljus oss gjeva,
som til liv vil kalle.

4. Englan´ hans med sverd i loge
Paradiset vaktar;
stjerne-yr på himmelboge
syng um det han maktar.

5. Han det fagre himmelromet
gav åt fuglom sine,
og or moldi voks det blome,
blad og urter fine.

6. Fisk i sylvstim lét han leike
kring i havsens bylgje,
og i skog og marker reike
dyr i flokk og fylgje.

7. Han lét vatn i djupe elvar
yver jordi fløde
og frå høge himmelkvelvar
regne yver grøde.

8. Lint på vårdis lét han strøyme
ljuvleg blomeange,
mogi frukt i haustsol fløyme
rikt i fargar mange.

9. Jordi lét han lognt seg dylje
under vintersnøen,
og den gylne grøda bylgje
yver sumarbøen.

10. Mannsens born han vilde gjeva
drottens makt og mynde,
so me skulde gjenom æva
fegnast i hans ynde.

11. Men vår truskap var kje mogen
til so stort eit hende;
me fall frå, men Gud var trogen,
kalla oss attende.

12. Alle sjeler Jesum prise
högt for frelsargåva;
borgarskap i Paradiset
hev han borni lova.

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar